Utalelser fra årsmøtet i Skognæringa Kyst

Styresmaktene må satse på framtidsskogen

Årsmøtet i Skognæringa Kyst SA er uroa over utviklinga i norske skogar dei siste åra, der redusert innsats i forynging og manglande ungskogpleie gir samla negative utslag for både karbonopptak, produksjon, kvalitet og framtidig tømmertilgang. Dette er ikkje separate utfordringar, men ulike sider av same utvikling.

Når det vert investert for lite i ny skog, både etter hogst og som et klimatiltak på nye areal, og også for lite i oppfølging av ungskogpleie, svekkjast både skogen si rolle som karbonlager og grunnlaget for verdiskaping og aktiv næringsutøving.

Utviklinga må òg sjåast i samanheng med det langvarige etterslepet etter bortfallet av plantetilskotet i 2003, som særleg har råka skogreisings- og kystfylka. I desse områda slår svakare forynging og manglande ungskogpleie direkte ut i lågare produksjon, dårlegare kvalitet og eit mindre robust ressursgrunnlag, samstundes som det undergrev arbeidet med å byggje opp ein varig skogbrukskultur. Dette i regionar med fantastiske forutsetningar for høg produksjon.

Les mer

Mer Skogsnakk

Klima og miljø prioriteres i Hjelmeland

Dette er delar av ordlyden frå vedtaket om å starte prosjektering av ny ungdomsskule i Hjelmeland.

Les mer

Skog + beredskap er sant

Beredskap er blitt eit viktig ord i desse urolege tider. Skog og skogbruk er ein nødvendig del av beredskapsplanene, både for samfunnet og for mange enkeltmenneske.

Les mer

Hvem er Rogaland Skognæringsforum?

Rogaland Skognæringsforum er en del av Skognæringa Kyst SA, som er en sammenslutning av skog-og trenæringsnettverk langs kysten.

Les mer