Stort løft for skogbruksplanlegging i fire kommunar

Eit av dei største skogbruksplanprosjekta i Rogaland på mange år er no under oppstart. Skogeigarar får tilbod om oppdaterte skogbruksplanar og nye miljøregistreringar som skal sikre kunnskap om både skogressursar og viktige miljøverdiar.

Utan miljødokumentasjon blir det ikkje hogst

Utdaterte skogbruksplanar og miljøregistreringar er ei utfordring, og utan gyldig miljødokumentasjon er det i praksis hogstforbod. 

Takstutvalet for Hjelmeland, Strand, Stavanger og Sandnes inviterer tre aktuelle takstselskap til å gi tilbod på eit omfattande skogbruksplanprosjekt med miljøregistreringar (MiS). Ein føresetnad for gjennomføring av prosjektet er tilstrekkeleg interesse blant skogeigarane med ei planbestilling på minst 50 prosent av det produktive skogarealet.

150 000 dekar skog skal kartleggjast

Prosjektet omfattar om lag 150 000 dekar produktiv skog i område med relativt god dekning med tidlegare digitale skogtakstar, og har som mål å gi skogeigarane oppdaterte skogbruksplanar med miljøregistreringar i skog (MiS) som grunnlag for aktiv og berekraftig forvaltning av skogressursane. Grunneigarar med over 25 dekar skog vil få tilbod om skogbruksplan med nye miljøregistreringar.

Miljøregistreringane skal oppdaterast

Det skal gjennomførast full revisjon av eksisterande MiS-registreringar, som er forelda, og registreringane skal utførast etter gjeldande metodikk. Prosjektet skal etter planen vere ferdig innan oktober 2028.

Takstselskapa blir inviterte til å gi tilbod

Tilbydarane blir bedne om å levere pris på både fototakst med kontrollmålingar i felt og full lasertakst med prøveflater og synfaring i felt på delar av arealet. Pristilbod skal sendast til takstutvalet innan 1. oktober 2026.

Skogeigarane får tilbod om ny skogbruksplan

Takstutvalet vil ta endeleg stilling til val av leverandør på bakgrunn av ei samla vurdering av pris, kvalitet, innhald og gjennomføringsevne. Når leverandør/takstselskap er vald, blir det søkt tilskot og godkjenning av takstopplegget til Statsforvaltaren i Rogaland. I tillegg blir det sendt ut tilbod om skogbruksplan med miljøregistreringar til alle skogeigarane så raskt som mogleg.

Fylkesskogmester, Stein Bomo, i granskogen.
Fylkesskogmester, Stein Bomo, i granskogen.

Mer Skogsnakk

Fotosyntese eller syntetisk, er det så nøye da?

Julehandelen starter tidligere for hvert år – snart bugner butikkhyllene av varer som skal lokke frem julestemningen.

Les mer

Til medlemmene i Rogaland Skognæringsforum:

Sett av torsdag 17. september, da blir det åpent årsmøte og seminar i Rogaland Skognæringsforum på Øksnevad videregående skole. Vi starter med årsmøte kl. 12.00, spanderer lunsj, og kl. 13 tar vi imot sentrale fylkespolitikere, næringsaktører og forvaltning til seminar.

Les mer

Statlig tilskuddsordning til kommuneveier

Bakgrunnen for satsingen er blant annet rapporter fra Transportøkonomisk institutt (TØI), som viser at investeringer i å fjerne flaskehalser på skogsveinettet og det offentlige veinettet gir betydelige samfunnsøkonomiske gevinster. Når tømmer kan transporteres med større og mer effektive vogntog, reduseres transportkostnadene, antall kjørte kilometer og klimautslippene. Samtidig styrkes konkurransekraften til skognæringen og grunnlaget for lokal verdiskaping.

Les mer