Skogen gir moglegheiter – men krev kompetanse og langsiktig satsing

Korleis kan Rogaland utvikle skog- og trenæringa for framtida? Det var hovudspørsmålet då Rogaland Skognæringsforum samla næring, forvaltning og politikarar til årsmøte og seminar 17. september. Rekruttering, kompetanse, berekraftig skogforvaltning og nye grøne verdikjeder stod sentralt.

På årsmøtet blei årsrapporten for 2025 og arbeidsplanen for 2026 godkjende. Arne Bergsvåg blei attvald som styreleiar, med Gudrun Margrete Dyrseth som nestleiar. Lasse Helleren blei valt som nytt styremedlem.

Frå skogressurs til verdiskaping

Styreleiar Arne Bergsvåg innleidde seminaret med å setje søkjelys på moglegheitene og utfordringane for skogbruket i Rogaland. Dette danna eit utgangspunkt for diskusjonane om korleis skogressursane kan forvaltast betre og gi grunnlag for meir verdiskaping i fylket.

Anne Kristin Bruns presenterte Øksnevadvisjonen og arbeidet med å utvikle skulen som ein aktiv samarbeidspartnar for næringslivet. Monica Dahlmo frå Statsforvaltaren i Rogaland løfta fram skogen si rolle i klima- og beredskapsarbeidet, og behovet for betre oppfølging av forynging etter hogst og meir ungskogpleie. Unni Fuglestad frå Rogaland fylkeskommune orienterte om fylket si støtte til skogbruksprosjekt, mellom anna innan rekruttering, omdømmebygging og skogsvegar.

Fleire lokale verksemder viste korleis skogressursane kan gi nye produkt og arbeidsplassar. Bioenergisatsinga i Rogaland nyttar trevirke til varme og energi, Betula Technology Group utviklar eit biobasert alternativ til gummigranulat på kunstgrasbaner, og Trefadder arbeider med etablering av klimaskog. Riska Sagbruk foredlar furu til spesialprodukt og landbruksbygg, medan Norsk Juletre Service løfta fram behovet for fleire juletreprodusentar.

Samarbeid må gi handling

Gjennom seminaret blei det peika på at Rogaland har moglegheiter for auka verdiskaping frå skogen, men at dette krev langsiktig forvaltning, investeringar og tilgang på rett kompetanse. Betre skogsvegar, god forynging etter hogst og aktiv skjøtsel av ungskog er viktige føresetnader for å ta vare på ressursane for framtida.

Eit sentralt bodskap var at skogen må sjåast som både ein fornybar ressurs, ei viktig næring og ein del av den regionale samfunnsutviklinga. Skal potensialet bli realisert, må næring, utdanning, forvaltning og politikarar arbeide saman om konkrete løysingar.

Mer Skogsnakk

Ny daglig leder

Friederike Bjørkum (33) er ansatt som ny daglig leder i Skogselskapet i Rogaland, og tiltrer stillingen 24. august. Skognæringsforumet leier inn daglig leder i Skogselskapet som sekretær/daglig leder, så Friederike blir sentral også her.

Les mer

Eksporterer råstoffet – importerer verdiskapingen

Norge investerer milliarder i karbonfangst og -lagring. Samtidig overser vi en av de mest tilgjengelige formene for karbonlagring vi allerede har.

Les mer

Hvem er Rogaland Skognæringsforum?

Rogaland Skognæringsforum er en del av Skognæringa Kyst SA, som er en sammenslutning av skog-og trenæringsnettverk langs kysten.

Les mer