Beredskap er blitt eit viktig ord i desse urolege tider. Skog og skogbruk er ein nødvendig del av beredskapsplanene, både for samfunnet og for mange enkeltmenneske.
I krisetider er skogen viktig i mange samanhengar. Her finn du energi i form av brensel, trevirke til bygningar, du finn mat av fleire slag og du finn ro og rekreasjon. Skogen har også redda mange som har blitt tvinga på flukt.
Rogaland skognæringsforum vil minna om at vi i skognæringa har eit ansvar også i usikre tider. Vi må visa fram for politikarar og offentleg forvaltning alt det skogen kan gi av ulike ressursar. Men her som elles, må det leggjast planar, ansvar må fordelast og koordinerast.
Noko av dette kan du lesa meir om i https://norsk-skogbruk.no/ (bak betalingsmur).