Kommunikasjon og omdømmebygging

Skog- og trenæringa i Rogaland treng å bli både sett og høyrt. Difor har Rogaland skognæringsforum starta eit prosjekt for kommunikasjon og omdømmebygging. Rønnaug Foss Alsvik er engasjert i ei deltidsstilling. Ei næring med mange små bedrifter og svært ulike produkt står sterkare viss vi kan kommunisera med ei felles stemme.

Skog- og trenæringa i Rogaland står år om anna for ei verdiskaping på 2,7 milliardar kroner, noko som fortel at det samla sett er ein liten bransje i oljefylket. Men som ei kvar næring har også denne næringa behov for aksept og forståing i storsamfunnet. Og sjølv ei lita næring kan vera ein del av løysinga. Skogbransjen leverer høg karbonbinding og karbonlagring, samstundes med god verdiskaping ute i distrikta. Verdiskapinga kan aukast mykje med større lokal foredlingsgrad. Skogprodukta kan erstatta svært mange produkt som i dag blir produsert av andre råvarer, ikkje minst olje, som jo har vesentleg høgare karbonavtrykk. Ved ei viss grad av lokal foredling kan skogbransjen levera både kortreiste og klimavennlege produkt.

Prosjekt for ein bransje under radaren?
I Rogaland er dette ein bransje som langt på veg går under radaren i det daglege. Prosjektet skal vera med å gjera skog- og trenæringa meir synleg. Slik at fleire får kunnskap om at bransjen leverer alt frå juletre, bygningar og bioenergi til papir, parfyme og klede.

Prosjektet skal i første omgang testa ut ulike metodar for kommunikasjon og omdømmebygging. Kva er det som kan setja skog- og trenæringa på dagsorden og skapa forståing og interesse for fornybart råstoff frå skogen? Det satsast på mest mogleg nøytral og faktabasert informasjon, men også historier og reportasjar.

Kommunikasjon og omdømmeprosjektet vil gjera skog- og trenæringa kjent via deltaking på ulike seminar/konferansar, gjerne der bransjen er litt ukjent frå før. Også artiklar i fagblad og lokalaviser er på planen.

Målgruppene for prosjektet er fleire, både i skogsektoren internt og storsamfunnet eksternt, slik som politikarar, næringshagar, offentleg forvalting og allmenta generelt.

Samarbeidspartar – alt etter tema og metode er det aktuelt å samarbeida med ei rekkje lag og organisasjonar, i tillegg til Statsforvaltaren.

Nyhendebrev
Eitt av tiltaka i prosjektet er det nyhendebrevet du no les. Vi håpar det kan vera med på å gi deg litt kunnskapspåfyll, og kanskje du blir litt meir nysgjerrig på kva denne bransjen har å by på, anten du er ein del av den eller står på «utsida».

Du er velkommen til å ta kontakt for spørsmål og kommentarar.

Mer Skogsnakk

Skog + beredskap er sant

Beredskap er blitt eit viktig ord i desse urolege tider. Skog og skogbruk er ein nødvendig del av beredskapsplanene, både for samfunnet og for mange enkeltmenneske.

Les mer

Bioenergi – kortreist varme

Bioenergi av flis er foredling av kortreist og lokalt råstoff frå skogen. I Rogaland har vi mange både store og små anlegg. Alt frå oppvarming av sjukehus til driftsbygningar i jordbruket.

Les mer

Ny daglig leder

Friederike Bjørkum (33) er ansatt som ny daglig leder i Skogselskapet i Rogaland, og tiltrer stillingen 24. august. Skognæringsforumet leier inn daglig leder i Skogselskapet som sekretær/daglig leder, så Friederike blir sentral også her.

Les mer