Klima, energi og miljøvenlege byggeløysingar skal prioriterast i tråd med vedtatt klimabudsjett 2021-2024 for Hjelmeland kommune.
Dette er delar av ordlyden frå vedtaket om å starte prosjektering av ny ungdomsskule i Hjelmeland. Det vart vidare i planlegginga gitt klare signal frå oss folkevalde om at me ønska ein skule bygd av tre, både med tanke på å redusere klimaavtrykket mest mogleg, men også fordi det er eit bra val for inneklimaet. I tillegg er Hjelmeland ei kommune med lange tradisjonar innan skogdrift. Årsakane til at me landa på dette flotte byggverket i massivtre er med andre ord mange, og eg trur det vil gi oss ein fantastisk skule for framtida.
Det er viktig for meg å vite at vi tilbyr elevar og tilsette på skulen eit gode arbeidstilhøve, og det trur eg vi har fått til her! Som ein bonus er det jo enormt flott å sjå på også; dei store treflatene, både på utsida og innsida av bygget!
Her finn du forresten litt bilder frå byggearbeidet:
https://www.hjelmeland.kommune.no/aktuelt-2/arbeid-med-ny-hjelmeland-ungdomsskule.58764.aspx
https://www.spinnark.no/undervisningsbygg/hjelmeland-ungdomsskule
Med venleg helsing
Anita H. Riskedal
Ordførar
Hjelmeland kommune
