Frakkagjerd ungdomsskule vart opna i 2025, og er nå finalist til Årets skulebygg.

Frakkagjerd ungdomsskule er finalist til Årets skulebygg 2026

Frakkagjerd ungdomsskule er vald ut som finalist i den nasjonale kåringa Årets skulebygg 2026. Kåringa løftar fram skulebygg som kombinerer god arkitektur, funksjonalitet og gode rammer for læring og trivsel.

Frakkagjerd ungdomsskule er blant finalistane i Nohrcon si kåring av Årets skulebygg 2026 – ein nasjonal pris som kvart år heidrar skuleprosjekt frå heile landet.


I kåringa blir det lagt vekt på mellom anna arkitektonisk kvalitet, korleis bygget støttar moderne læringsformer, berekraftige løysingar og rolla skulen har som møteplass i nærmiljøet. At Frakkagjerd ungdomsskule no er finalist, viser at skulebygget markerer seg i nasjonal samanheng.
 

– Dette er ei anerkjenning av arbeidet som er lagt ned i å utvikla eit skulebygg som fungerer godt for både elevar, tilsette og lokalsamfunn, seier kommunen.
 

Vinnaren av Årets skulebygg 2026 blir kåra i april av arrangøren Nohrcon.
Finaleplassen er ei hyggeleg stadfesting på at Frakkagjerd ungdomsskule er eit skulebygg som blir lagt merke til – også utanfor kommunegrensene.

Les meir på Tysvær kommune sine heimesider.

Mer Skogsnakk

Tømmerkaien på Utbjoa klar

Skogbruket taper både tid og penger på å kjøre ekstrarunder med tømmer. Årsaken er dårlige veier som setter en stopper for fulle lass. Nå jubler næringa over historisk pengesum.

Les mer

Kommentarer på sesongen 2025 fra Norsk Juletreservice

NJS har en god sesong, der salget er godt og stabilt over 90 000 tre som de siste årene.

Les mer

Fotosyntese eller syntetisk, er det så nøye da?

Julehandelen starter tidligere for hvert år – snart bugner butikkhyllene av varer som skal lokke frem julestemningen.

Les mer