Bioenergi av flis er foredling av kortreist og lokalt råstoff frå skogen. I Rogaland har vi mange både store og små anlegg. Alt frå oppvarming av sjukehus til driftsbygningar i jordbruket.
Det kjem stadig til nye anlegg for bioenergi, og det er difor vanskeleg å gi nøyaktige tal. Men fylket har passert ein årsproduksjon på 50 GWh, noko som tilsvarar 30 000 m3 tømmer, eller 750 tømmervogntog kvart år. Denne varmemengda kjem frå ca. 60 anlegg, korav ca. 20 er større biobrenselanlegg/anlegg for varmesal. Resten er gardsvarmeanlegg pluss eit par anlegg for pellets og biokol.
Langsiktig arbeid

Det er jobba over lang tid i Rogaland med utbygging av biovarmeanlegg. Både offentlege og private aktørar har vore aktive. Rogaland fylkeskommune og ein del kommunar har vore pådrivarar. Ein særleg sterk pådrivar må nemnast: Karl Ludvig Ådland. Han har over mange år, og gjennom ulike selskap og organisasjonar, gjort ein kjempejobb for satsinga på bioenergi i Rogaland.
Det er i dag 4 flisterminalar og 7 produsentar av brenselflis i fylket. Kapasiteten hos desse er for tida.
vesentleg større enn etterspørselen. Skogen i fylket har også vesentleg større tilvekst av eigna sortiment. Det er difor god plass til fleire bioenergianlegg.
Klimagevinst og lokal næringsutvikling
Bruk av bioenergi til oppvarming er tilnærma klimanøytralt. Politisk er det difor stor interesse for å byggja fleire bioenergianlegg. Bioenergi gir også lokal næringsaktivitet, bl.a. knytt til produksjon og leveranse av flis.
Du kan lesa meir om offentleg støtte til bioenergi her. Ta gjerne kontakt med Statsforvaltaren i Rogaland om du har spørsmål eller ønske om å investera i bioenergianlegg.